Legg til i ønskeliste
    
Homoflokar ebok
  
  
  249,-
  
For ikkje så mange tiår sidan var seksuelt samkvem mellom menn rekna som kriminelt, og homoseksuelle personar vart innlagde på sinnssjukehus og utsette for tvilsame behandlingsmåtar. I dag er stoda ei anna: Noreg tevlar med andre vestlege statar om å vera det mest homotolerante landet i verda. Men kva går denne homotoleransen ut på?
Med utgangspunkt i si eiga historie som homo og transeperson granskar Kristin Fridtun den norske homotoleransen. Samstundes som levekåra for skeive er blitt betre,…
  
    Ebok
    249,-
  
  
Andre har også kjøpt
    Forlag
    Samlaget
  
  
  
    Utgitt
    20 august 2018
    
  
  
  
  
    Lengde
    66 sider
  
  
  
    Sjanger
    
      Politikk og samfunn, Dokumentar og fakta
    
  
  
  
  
    Språk
    Nynorsk
  
  
    Format
    epub
  
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
  
    ISBN
    9788252196153
  
For ikkje så mange tiår sidan var seksuelt samkvem mellom menn rekna som kriminelt, og homoseksuelle personar vart innlagde på sinnssjukehus og utsette for tvilsame behandlingsmåtar. I dag er stoda ei anna: Noreg tevlar med andre vestlege statar om å vera det mest homotolerante landet i verda. Men kva går denne homotoleransen ut på?
Med utgangspunkt i si eiga historie som homo og transeperson granskar Kristin Fridtun den norske homotoleransen. Samstundes som levekåra for skeive er blitt betre, har nye flokar dukka opp. Negative haldningar i det norske samfunnet blir tona ned, medan homofiendslege trekk ved andre kulturar får mykje merksemd. Det er blitt ei kløft mellom «oss» (som er snille med homoane) og «dei» (som er slemme). Men den største kløfta er den som skil hetero frå ikkje-hetero. Kvifor eksisterer dette skiljet framleis? Kan det tenkjast at homotoleransen er ein del av problemet?
Kristin Fridtun (f. 1987) frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har skrive fleire bøker om språk, som Norsk etymologisk oppkok (2012), Nynorsk for dumskallar (2013) og Språket er ei bukse (2019). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.
      
        