Innerst i hjertet har jeg min forstand - biografien om Georg Johannesen (ebok) av Alfred Fidjestøl
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Alfred Fidjestøl (forfatter)

Innerst i hjertet har jeg min forstand ebok

329,-
TERNINGKAST 6 - Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende. Ein mann på tvers av si samtid. Lyrikar Georg Johannesen kunne vere ein nådelaus polemikar som gjekk til åtak på kven det skulle vere. Samstundes skreiv han nokre av dei vakraste dikta som er skrivne på norsk. I 1990 blei Ars moriendi kåra til 1900-talets beste norske diktsamling. Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar denne biografien eit uvanleg og fascinerande livsløp. Som liten opplevde Georg Johannesen krigen på nært hald og …
Ebok 329,- Lydbok 379,-

Andre har også kjøpt

Undertittel biografien om Georg Johannesen
Forfattere Alfred Fidjestøl (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 8 september 2022
Sjanger Kunst og kultur, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234009105
TERNINGKAST 6 - Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende. Ein mann på tvers av si samtid. Lyrikar Georg Johannesen kunne vere ein nådelaus polemikar som gjekk til åtak på kven det skulle vere. Samstundes skreiv han nokre av dei vakraste dikta som er skrivne på norsk. I 1990 blei Ars moriendi kåra til 1900-talets beste norske diktsamling. Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar denne biografien eit uvanleg og fascinerande livsløp. Som liten opplevde Georg Johannesen krigen på nært hald og blei merkt for livet av det. Han blei seinare fengsla for militærnekting, ekskludert frå Arbeidarpartiet og var sentral ved etableringa av Sosialistisk Folkeparti. Trass eit uvanleg lyrisk talent ville han ikkje vere lyrikar. I staden var han universitetsprofessor i retorikk, men også her i konstant opposisjon til det norske fagmiljøet. Georg Johannesen var heile livet ein mann på tvers av si samtid. Han var kompleks og paradoksal, ikkje alltid like lett å forstå, men alltid tru og konsekvent mot sin eigen rasjonalitet, i tråd med det han sjølv hadde fastslått: «Skjelettet er innerst / i hver eneste mann / Og hva har jeg innerst i hjertet? / Innerst i hjertet har jeg min forstand.» Terningkast 6! «Bråkebøtte og poet får som fortjent i rik biografi» - Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende «Alfred Fidjestøls fremragende biografi skildrer en egenrådig mann og er unikt forfatterskap.» - Tom Egil Hverven, Klassekampen «... obligatorisk lesning for alle som er interessert i norsk politisk debatt og litteraturhistorie fra 1950-tallet til tusenårsskiftet» - Eivind Tjønneland, Ny Tid «Overdådig paradoks. [...] Biografien om Georg Johannesen er storarta. [...] Resultat(et) har blitt eit skriftstykke på vel 500 sider av sjeldan høg kvalitet.» - Geir Mork, Dag og Tid «Georg Johannesens egen diktning var mye på en gang. Ujevn, polemisk, urimelig, og dypt original. I biografien får vi se hovedpersonen spille ut hele registeret av kompleksiteter som vi mennesker kan være - i skriften og i livet.» - Knut Hoem, NRK