Mjølketannmuseet (ebok) av Marit O. Kaldhol
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Marit O. Kaldhol (forfatter)

Mjølketannmuseet ebok

236,- Veil. pris: 269,-Spar: 33,-
(0)
Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene. Mjølketannmuseet er ei …
236,- Veil. pris: 269,-Spar: 33,-
Undertittel forteljingar
Forfattere Marit O. Kaldhol (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 15 oktober 2018
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252196627
Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene. Mjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.