Nynorskens lys (ebok) av Morten Søberg
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Morten Søberg (forfatter)

Nynorskens lys ebok

236,- Veil. pris: 269,-Spar: 33,-
(0)
Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset? Nynorsk er eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk. I denne boka undersøkjer Morten Søberg påstanden om at nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkult…
236,- Veil. pris: 269,-Spar: 33,-
Undertittel eit essay
Forfattere Morten Søberg (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 30 oktober 2018
Lengde 109 sider
Sjangrer Historie, Fagbøker
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252195859
Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset? Nynorsk er eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk. I denne boka undersøkjer Morten Søberg påstanden om at nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkultur, eit skriftspråk tufta på reiser og samtalar, utforskingar og politikk. Den nynorske skriftkulturen innebar ei ny tidsrekning. Han byrja på sett og vis med Ivar Aasens tekst i Morgenbladet 5. januar 1849 - ein samtale mellom to bønder om politikk og statsstyring. I dag er nynorsk etablert som eit norsk mindretalsspråk med nokre bestemte særtrekk. Den nynorske skriftkulturen er ei langvarig påminning om at fleirtalet ikkje alltid har rett, han viser at det finst alternative språklege fakta, røynsler og tankar. Det er noko kjettersk ved nynorsken. Ein kan seie at grunndraga ved språket samsvarer med sjangerkrava til essayet. Ja, at djupast sett er den nynorske skriftkulturen eit spegelbilete av sakprosasjangeren essay. Det bør òg vere ein del av det nynorske sjølvbiletet. Med andre ord: stadig nye forsøk, heile tida noko uferdig og ope, granskande og spørjande - samtalande skrift.