Oppdateringar frå lykkelandet - røff guide til samtidslitteraturen (ebok) av Marta Norheim
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Marta Norheim (forfatter)

Oppdateringar frå lykkelandet ebok

299,-
Kva skjer i den nyaste litteraturen? Har du høyrt rykte om at den nyaste skjønnlitteraturen er humørlaus og sjølvoppteken? Det stemmer slett ikkje, skal vi tru Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar. I boka Oppdateringar frå lykkelandet guidar ho deg inn i det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005. Kva skriv dei nye forfattara…
Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Undertittel røff guide til samtidslitteraturen
Forfattere Marta Norheim (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 27 november 2017
Lengde 395 sider
Sjanger Kunst og kultur, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252194203
Kva skjer i den nyaste litteraturen? Har du høyrt rykte om at den nyaste skjønnlitteraturen er humørlaus og sjølvoppteken? Det stemmer slett ikkje, skal vi tru Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar. I boka Oppdateringar frå lykkelandet guidar ho deg inn i det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005. Kva skriv dei nye forfattarane om, og korleis? For ti år sidan kom den første Røff guide til samtidslitteraturen. Marta Norheim har granska kva som har skjedd sidan den gong. Ti år er ikkje lenge, men overraskande nok fann Norheim ut at bøkene har andre tematikkar i dag. I dag blir det skrive om miljø og klima som aldri før, barndommen står svakare, men dei gamle er solid representerte, og den mannlege outsideren har fått selskap av den kvinnelege outsideren, noko som neppe er til trøyst for verken menn eller kvinner. Den nye litteraturen handlar om alt, med nokre interessante unntak, meiner Norheim. Boka er for alle som ønskjer å vite meir om samtidslitteraturen, lystlesarar så vel som fagfolk. Marta Norheim (f. 1955) er cand.philol. og har i fleire år arbeidd med litteraturprogram i NRK radio, mellom anna Boktilsynet og Kulturnytt. Ho har blitt kåra til «Årets litteraturkritikar». I 2007 gav ho ut Røff guide til samtidslitteraturen. I 2012 kom essaysamlinga Friksjonar, som ho fekk Språkprisen for.