Passe happy (ebok) av Kari Stai
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Kari Stai (forfatter)

Passe happy ebok

89,- Veil. pris: 199,-Spar: 110,-
(0)
Vinnar av Kulturdepartementets illustrasjonspris 2021! Illustrert barneroman frå Jakob og Neikob-skapar. Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste. For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så …
Ebok 89,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Kari Stai (forfatter), Kari Stai (illustratør)
Forlag Samlaget
Utgitt 24 februar 2021
Lengde 176 sider
Sjanger 9-12 år, Kjærlighet og vennskap, Barnebøker
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252198737
Vinnar av Kulturdepartementets illustrasjonspris 2021! Illustrert barneroman frå Jakob og Neikob-skapar. Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste. For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så mange kjensler? No snurrar jordkloden så altfor fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro. Boka er gjennomillustrert av Kari Stai. Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette tilfleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. Frå juryen til Kulturdepartementets illustrasjonspris: "Dette er ein lågmælt og fin roman om overgangen frå barndom til pubertet, om å finne ut kven ein eigentleg er, og kva som er viktig i livet. Venskap, tilhøve til foreldre og kjærleik - både streit og skeiv - er sentrale motiv. Boka er rikt illustrert av forfattaren. Svart-kvitt-teikningane er i ein naivistisk og tilsynelatande minimalistisk stil. Bilda er effektfulle, dei tilfører boka informasjon som ikkje blir gitt i verbalteksten, dei gir ei kjensle av nærleik til hovudpersonen, og dei har ei plassering som bidrar til å drive handlinga og hovudpersonens utvikling framover. Nokre av dei heilsides bildeoppslaga utgjer sjølvstendige sekvensar i forteljinga, eit grep som signaliserer at kunstnaren stoler på at lesaren kan tenkje sjølv."