Prosessen (ebok) av Franz Kafka
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Franz Kafka (forfatter)

Prosessen (Skalds klassikarar) ebok

245,- Veil. pris: 279,-Spar: 34,-
(1)
Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romananefrå det tjuande hundreåret. Han er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir einurovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det…
Ebok 245,- Lydbok 262,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Franz Kafka (forfatter), Jon Fosse (oversetter)
Forlag Skald
Utgitt 7 april 2022
Lengde 264 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner, Oversatt skjønnlitteratur
Språk Bokmål
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788279593379
Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romananefrå det tjuande hundreåret. Han er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir einurovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattaren døydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggjedei uferdige manusa hans. Men Brod følgdeikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brodsutgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast. Franz Kafka (1883-1924) vert sett på som ein av de iviktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjendutanfor heimbyen Praha, men frå seint i 1920-åra påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda, og særpreget i forfattarskapen var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne kafkask, og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein kafka-prosess.