Eg er ein annan - roman (ebok) av Jon Fosse
Legg til i ønskeliste
Jon Fosse (forfatter)

Eg er ein annan (Septologien) ebok

329,-
TERNINGKAST 6 - Sindre Hovdenakk, VG. Andre bok i «Septologien» Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert l…
Ebok 329,- Lydbok 379,-

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Jon Fosse (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 19 oktober 2020
Lengde 405 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner
Serie Septologien
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252196207
TERNINGKAST 6 - Sindre Hovdenakk, VG. Andre bok i «Septologien» Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar. I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for fyrste gong, begge byrjar på Kunstskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales. «Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Fyrste boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland. Nominasjonar og prisar til Septologien: Det andre namnet: Langlista til Dublin Literary Award 2020 Langlista til The International Booker Prize 2020 Nominert til Kritikarprisen 2019 Nominert til Brageprisen 2019 Nominert til Stadsteaterns Internationella pris Nynorsk litteraturpris 2019 Eg er ein annan: Langlista til Dublin Literary Award 2021 Nominert til Kritikarprisen 2020 Eit nytt namn: Langlista til Dublin Literary Award 2022 Kortlista til The international Booker Prize 2022 Finalist til National Book Award 2022 Kritikarprisen 2021 Brageprisen 2021

«Fosse er frisk, Fosse er god [...] ...sprek, slik ein topproman skal vere»

«Enestående bra [...] Jon Fosse skriver litteratur som absolutt ingen andre»

"Syngende vakkert. Jon Fosse skaper et nettverk av tråder det er en nytelse å nøste opp i."

"Heile det uharmoniske livet til Asle er skrive fram i vidunderlig kunstnarleg symmetri, der t.d. dei tre delane begynner og sluttar med dei same orda og bønene, i repetisjonar og maningar"

«Noe av det lettest tilgjengelige Fosse har skrevet.»

Betingelser for brukergenerert innhold Legg til din egen vurdering