Eg er ein annan (ebok) av Jon Fosse
Legg til i ønskeliste
Jon Fosse (forfatter)

Eg er ein annan (Septologien) ebok

119,- Veil. pris: 239,-Spar: 120,-
(0)
Andre bok i «Septologien» Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for…
Ebok 119,- Lydbok 149,-
Undertittel roman
Forfattere Jon Fosse (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 19 oktober 2020
Lengde 405 sider
Sjangrer Skjønnlitteratur, Romaner, Kunst og kultur, Fagbøker
Serie Septologien
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252196207
Andre bok i «Septologien» Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar. I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for fyrste gong, begge byrjar på Kunstskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales. «Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Fyrste boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.