Sildbøtta (ebok) av Torvald Sund
Legg til i ønskeliste
Torvald Sund (forfatter)

Sildbøtta ebok

149,-
(0)
Unggutten Teodor Skille bryt opp frå fiskarheimen på Fosen for å starte på gymnaset Gerhard Schøning i Trondheim på tampen av 1960-talet. Med seg på reisa har faren utstyrt sonen med ei bøtte spekesild, ei gåve til hybelvertinna som skal vise seg å vera ein gammal kjenning av faren. Sildbøtta skapar forviklingar i møtet med byen og medelevane i klassen, men den symboliserer òg alt det Teodor ynskjer å ta farvel med. Han vil erobra byen, bykulturen og bli ein annan. Møtet med byen blir annleis e…
149,-
Undertittel Roman
Forfattere Torvald Sund (forfatter)
Lengde 268 sider
Sjangrer Poesi, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788292400999
Unggutten Teodor Skille bryt opp frå fiskarheimen på Fosen for å starte på gymnaset Gerhard Schøning i Trondheim på tampen av 1960-talet. Med seg på reisa har faren utstyrt sonen med ei bøtte spekesild, ei gåve til hybelvertinna som skal vise seg å vera ein gammal kjenning av faren. Sildbøtta skapar forviklingar i møtet med byen og medelevane i klassen, men den symboliserer òg alt det Teodor ynskjer å ta farvel med. Han vil erobra byen, bykulturen og bli ein annan. Møtet med byen blir annleis enn han hadde trudd, og han havner etter kvart inn i ei turbulent tid, kulturelt og politisk, som endar i den dramatiske EEC-kampen og folkerøystinga i 1972. Nære og vare episoder blir brote opp av burleske opptrinn, noko som gjer romanen til ein sann svir å lesa. "Ho er så godt skriven og fortalt at eg gleder meg over kvar side." Hilde Kat. Eriksen, Nordnorsk magasin