Sjakknovelle - og andre tekstar (ebok) av Stefan Zweig
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Stefan Zweig (forfatter)

Sjakknovelle (Skalds klassikarar) ebok

269,-
Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. Austerrikaren var høgt elska alt i si levetid, og på 1920-talet var han den mest omsette forfattaren i verda. I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei …
Ebok 269,-

Andre har også kjøpt

Undertittel og andre tekstar
Forfattere Stefan Zweig (forfatter), Øystein Vidnes (oversetter)
Forlag Skald
Utgitt 16 april 2019
Lengde 229 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Noveller
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788279592976
Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. Austerrikaren var høgt elska alt i si levetid, og på 1920-talet var han den mest omsette forfattaren i verda. I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Ein av dei nyaste er The Grand Budapest Hotel (2014) som smeltar saman inspirasjon frå fleire av Zweigs verk. Sjakknovelle, den mest kjende av novellene hans, ber preg av den såre krigserfaringa etter nazistanes maktovertaking i 1933. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt i 1942. Utvalet i denne samlinga består av Måneskinssmauet (1922), Brev frå ei ukjend kvinne (1922), Den usynlege samlinga (1927), Uventa innføring i eit handverk (1931) og Sjakknovelle (1942). Fire av dei vert her for aller første gong gitt ut på norsk. Omsett av kritikarroste Øystein Vidnes, som i fjor fekk tildelt Kritikarprisen for beste omsetjing. Stefan Zweig (1881-1942) var fødd og oppvaksen i Wien som son til ein velståande jødisk tekstilentreprenør. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. Zweig var feira stort både av publikum og kritikarar og fungerte som vegvisar og mentor for mange unge kunstnarar i samtida.