 
    
    
    Legg til i ønskeliste
    
Skogen den grøne ebok
  
  
  299,-
  
Nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.
Diktsamling for barn av prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven.
 
høyr!  
kviskrar stien 
 
hausten spring  
gjennom skogen  
stel sommaren  
og kjem med  
vinteren 
 
og sjå! 
gule lauv ligg og  
lyser på bakken 
 
det er gullmyntar  
som hausten har  
strøydd ut 
 
Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av h…
  
    Ebok
    299,-
  
  
    Undertittel
    dikt for barn
  
  
  
  
    Forlag
    Samlaget
  
  
  
    Utgitt
    18 september 2018
    
  
  
  
  
    Lengde
    61 sider
  
  
  
    Sjanger
    
      Barnebøker, 6-9 år
    
  
  
  
  
    Språk
    Nynorsk
  
  
    Format
    epub
  
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
  
    ISBN
    9788252196887
  
Nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.
Diktsamling for barn av prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven.
 
høyr!  
kviskrar stien 
 
hausten spring  
gjennom skogen  
stel sommaren  
og kjem med  
vinteren 
 
og sjå! 
gule lauv ligg og  
lyser på bakken 
 
det er gullmyntar  
som hausten har  
strøydd ut 
 
Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina? 
 
Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga «Eg er eg er eg er» skriv Ruth Lillegraven med  finkjensle for dei små detaljane. I «Skogen den grøne» følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen - og inn i poesien. 
 
Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.
       
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
        