Ungdomsskulen (ebok) av Heidi Furre
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Heidi Furre (forfatter)

Ungdomsskulen ebok

218,- Veil. pris: 249,-Spar: 31,-
(0)
Hugsar du ungdomsskulen? Den kjensla. Då du ikkje lenger var eit barn på barneskulen, men ein ungdom klar for ungdomsskulen? Nesten som ein vaksen klar for vaksenlivet. Hugsar du kor skumle tiandeklassingane var? Hugsar du det første kysset? Det andre? Hugsar du bølla? Sladrekjerringa? Draumeprinsen? Hugsar du matteprøver og tentamen? Hugsar du bestevenene dine som alltid skulle vere der? Hugsar du at dei ikkje alltid var det? Hugsar du at det ikkje alltid gjekk som du håpte? At det som skulle …
218,- Veil. pris: 249,-Spar: 31,-
Forfattere Heidi Furre (forfatter)
Forlag Flamme
Utgitt 13 mai 2016
Lengde 161 sider
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788282881654
Hugsar du ungdomsskulen? Den kjensla. Då du ikkje lenger var eit barn på barneskulen, men ein ungdom klar for ungdomsskulen? Nesten som ein vaksen klar for vaksenlivet. Hugsar du kor skumle tiandeklassingane var? Hugsar du det første kysset? Det andre? Hugsar du bølla? Sladrekjerringa? Draumeprinsen? Hugsar du matteprøver og tentamen? Hugsar du bestevenene dine som alltid skulle vere der? Hugsar du at dei ikkje alltid var det? Hugsar du at det ikkje alltid gjekk som du håpte? At det som skulle vere spanande, blei frykteleg? Og det som skulle vare evig, forsvann? Hugsar du ungdomsskulen? Maja vil gjerne vere ei av dei som blir invitert på festar, ei som har drukke både øl og sprit, ei som har hatt sex. Samstundes vil ho òg vere det barnet ho framleis er, bade med bestevenene Pelle og Maria, eller berre sitje på rommet og prate. Pappaen hennes har forsvunne på sjøen, ingen veit om han er daud eller levande. Så dukkar det opp ein litt eldre gut. Vampyren. Så forsvinn Pelle og Maria for ei stund. Så vil Maja at mamma og stefaren skal skilje seg. Så trur ho at ingen bryr seg om henne. Heidi Furre (f. 1986) fortel presist og empatisk om tida på ungdomsskulen. Stilen og språket hennar er aldri overdrive, alltid medrivande. Ungdomsskulen er ein fantastisk roman, som vil gi deg ny kjærleik for desse uvanleg turbulente åra i liva våre.