Ungen (ebok) av Aina Basso
Legg til i ønskeliste
Aina Basso (forfatter)

Ungen ebok

210,- Veil. pris: 239,-Spar: 29,-
(0)
Verdien av eit barn Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn - mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i and…
210,- Veil. pris: 239,-Spar: 29,-
Undertittel roman
Forfattere Aina Basso (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 10 oktober 2019
Lengde 267 sider
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252198539
Verdien av eit barn Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn - mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt. Basso har skrive ein roman om dei ofte skremmande vilkåra uønskte barn levde under ved hundreårsskiftet i Kristiania. Den viser fram desperasjonen i fattigdommen og kva menneskesyn som kan komme til uttrykk når ein sjølv gjer alt for å overleve. Forteljinga er basert på faktiske hendingar og personar.