Ute, langt der ute (ebok) av Edvard Hoem
Kommer: 15 nov. 2021
Legg til i ønskeliste
Edvard Hoem (forfatter)

Ute, langt der ute ebok

183,- Veil. pris: 209,-Spar: 26,- Kommer: 15 november 2021
(0)
"Så syng eg da, ein song for deg. Eg syng at våren er på veg. Så mangt slo feil, så mangt forsvann. Snart står vi der, i vårens land. Der blomstrar hegg og villmorell i skimmerlys ein maikveld Mens dører stenger, håp forsvinn, syng eg om sol og frålandsvind, om lukt av sjø, og bråtebrann, og klokkeklang frå fjerne land, om bølgjebrus ved nakne skjer, ein song om alt som ikkje er. Eg syng ein song, ein gammal song, om det som var, til neste gong. Snart når vi fram, det veit v…
Ebok 183,-
Forfattere Edvard Hoem (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 15 november 2021
Sjangrer Skjønnlitteratur, Poesi
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249524662
"Så syng eg da, ein song for deg. Eg syng at våren er på veg. Så mangt slo feil, så mangt forsvann. Snart står vi der, i vårens land. Der blomstrar hegg og villmorell i skimmerlys ein maikveld Mens dører stenger, håp forsvinn, syng eg om sol og frålandsvind, om lukt av sjø, og bråtebrann, og klokkeklang frå fjerne land, om bølgjebrus ved nakne skjer, ein song om alt som ikkje er. Eg syng ein song, ein gammal song, om det som var, til neste gong. Snart når vi fram, det veit vi vel frå avstand, frykt og maskespel. Eg rører ved deg. Vi er her. Og eg veit alltid kven du er." Edvard Hoem begynte å skrive dikt da han gjekk på gymnaset i Molde, og lenge tenkte han at det var lyrikar han skulle bli. I 1969 debuterte han med samlinga Som grønne musikantar. Ved sida av og mellom dei mange romanane har Hoem halde fram med å skrive dikt. Som lesarane hans veit, set det lyriske språket eit sterkt preg på prosaen hans. Teaterstykka hans blir stadig avbrotne av songar. Kjærleiksdikt og store «konsertdikt» som er skrivne spesielt med tanke på å bli lesne høgt, skifter om å ta leiinga i poesien hans. Salmane blir eit markant innslag i forfattarskapen frå det tidlege 1980-talet, men styrken både i salmane og kjærleiksdikta er alltid det sanselege, musikalske og inderlege. Bibelspråk, naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Dikta som er valde ut i denne boka spenner over eit stort spekter, men sjølv om ein del av dei er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder. Derfor når dei fram til oss