Ute, langt der ute (ebok) av Edvard Hoem
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Edvard Hoem (forfatter)

Ute, langt der ute ebok

183,- Veil. pris: 209,-Spar: 26,-
(0)
I vika langt mot vest I vika langt mot vest, langs haustmørk strand kjem svanene igjen, eg ser det no. Dei duvar lydlaust like attmed land og speglar seg når sjøen stig mot flo. Eg har sett pina skjera andletstrekk, eg har sett folk ta avskil utan fred, høyrt dører smelle, bilar køyre vekk, men no kjem svanene og slår seg ned. Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord, ein slik klar haustdag, vinter var på veg, eg sat og såg mot botnen av ein fjord og høyrde vengesus som nærma …
Ebok 183,-
Undertittel dikt 1967-2021
Forfattere Edvard Hoem (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 23 november 2021
Lengde 122 sider
Sjangrer Skjønnlitteratur, Poesi
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249524662

Andre har også kjøpt

I vika langt mot vest I vika langt mot vest, langs haustmørk strand kjem svanene igjen, eg ser det no. Dei duvar lydlaust like attmed land og speglar seg når sjøen stig mot flo. Eg har sett pina skjera andletstrekk, eg har sett folk ta avskil utan fred, høyrt dører smelle, bilar køyre vekk, men no kjem svanene og slår seg ned. Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord, ein slik klar haustdag, vinter var på veg, eg sat og såg mot botnen av ein fjord og høyrde vengesus som nærma seg. Så vart det stille. Det gjekk mange år. No høyrer eg på nytt at venger slår. Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.