Varmá (ebok) av Mette Karlsvik
Legg til i ønskeliste
Mette Karlsvik (forfatter)

Varmá ebok

159,- Veil. pris: 179,-Spar: 20,-
(0)
Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, reinsdyr importerte frå Noreg beitar, det blir sett i gang treplanting, og plantasjar blir bygde. Men dette området har eit skiftande humør, det kan kaste om på seg, lage nye elveløp, nye utspring. Lesaren blir vitne både til kreftene som bur under bakken, og til kreftene som bur i menneska, når Gerd frå Noreg treffer den islandske bondesonen Ingolfu…
159,- Veil. pris: 179,-Spar: 20,-
Undertittel roman
Forfattere Mette Karlsvik (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 2 januar 2017
Lengde 299 sider
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252187724
Gjennom det islandske landskapet renn elva Varmá, som med dei varme kjeldene sine legg til rette for liv og utvikling. Her buset landnåmsmenn seg, reinsdyr importerte frå Noreg beitar, det blir sett i gang treplanting, og plantasjar blir bygde. Men dette området har eit skiftande humør, det kan kaste om på seg, lage nye elveløp, nye utspring. Lesaren blir vitne både til kreftene som bur under bakken, og til kreftene som bur i menneska, når Gerd frå Noreg treffer den islandske bondesonen Ingolfur. Varmá er ein roman om menneska som bur i området langs elva. Det handlar om slekters gang, om å skape sitt eige liv i det ein har arva, og om å leve nær på naturen. Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne, og til fulle vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg. I 2012 blei ho tildelt både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnerstipend.