Vesaas (ebok) av Øyvind Vågnes
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Øyvind Vågnes (forfatter)

Vesaas ebok

262,- Veil. pris: 299,-Spar: 37,-
(0)
Eit forfattarsenter skal opnast til det store Vesaas-jubileet i Vinje i 2017. Som ekspert på forfattarskapen er Jon invitert til å vere med å forme korleis det heile skal sjå ut. Men i arbeidsgruppa er motsetnadene sterke. For kva skal dette senteret eigentleg vere? Ein stad som ærer litteraturen og historia, eller ein som tilpassar seg den moderne opplevingsindustrien? Tre år tidlegare har Jon leigd eit hus i Vinje for å skrive ein ny biografi om Tarjei Vesaas. Forlagskontrakten er underskr…
262,- Veil. pris: 299,-Spar: 37,-
Undertittel roman
Forfattere Øyvind Vågnes (forfatter)
Forlag Tiden
Utgitt 11 september 2017
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788210056109
Eit forfattarsenter skal opnast til det store Vesaas-jubileet i Vinje i 2017. Som ekspert på forfattarskapen er Jon invitert til å vere med å forme korleis det heile skal sjå ut. Men i arbeidsgruppa er motsetnadene sterke. For kva skal dette senteret eigentleg vere? Ein stad som ærer litteraturen og historia, eller ein som tilpassar seg den moderne opplevingsindustrien? Tre år tidlegare har Jon leigd eit hus i Vinje for å skrive ein ny biografi om Tarjei Vesaas. Forlagskontrakten er underskriven, bøkene lese, arkiva saumfarne. Men Jon får ikkje til å skrive. Som eit forsøk på å finne inspirasjon blar han opp i Vesaas-bøkene han har arva etter farfaren, som lenge har lege urørte i nokre pappesker i kjellaren. I staden for å få auge på ein forfattarskap i utvikling, får han eit overraskande blikk inn i eit skjult kapittel i historia til sin eigen familie. Kvifor les vi romanar? Og korleis lever dei vidare i oss? Vesaas er ein original og tankevekkande roman om Tarjei Vesaas, om bøkene og lesarane hans.