Eg er her enno - livet med kreft (ebok) av Eli Strand
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Eli Strand (forfatter)

Eg er her enno ebok

329,-
Den 6. desember 2019 er ein mild førjulsdag i Oslo. Eli Strand har vore hoven i ein fot, og skal på ein rask sjekk hos legen. Ho fryktar ingenting. I løpet av dagen får ho vite at ho har fått tilbakefall av kreft, og at sjukdomen er ulækjeleg. Eli Strand på nesten 50 år, lukkeleg gift og med ein tenåringsson, klarer knapt å gå eller å puste. Denne boka har blitt til midt i alt det vanskelege, på dagar ho nesten ikkje har orka å stå opp og dagar ho har feira livet med sjampanje. Strand fortel…
Ebok 329,- Lydbok 379,-

Andre har også kjøpt

Undertittel livet med kreft
Forfattere Eli Strand (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 14 oktober 2022
Lengde 153 sider
Sjanger Biografier, Helse og livsstil, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234007019
Den 6. desember 2019 er ein mild førjulsdag i Oslo. Eli Strand har vore hoven i ein fot, og skal på ein rask sjekk hos legen. Ho fryktar ingenting. I løpet av dagen får ho vite at ho har fått tilbakefall av kreft, og at sjukdomen er ulækjeleg. Eli Strand på nesten 50 år, lukkeleg gift og med ein tenåringsson, klarer knapt å gå eller å puste. Denne boka har blitt til midt i alt det vanskelege, på dagar ho nesten ikkje har orka å stå opp og dagar ho har feira livet med sjampanje. Strand fortel om møtet med helsevesenet, om behandlinga og smertefulle biverknader og om den lammande angsten. Men ho fortel også om det som betyr mest av alt her i livet: kjærleiken, familien og venene. «Eg er her enno» er ei bok om å vere dritlei livet som pasient, men også om å finne styrke og glede. Er det mogeleg å behalde håpet når legane seier at du sannsynlegvis ikkje har meir enn eit par år igjen? Eli Strand (f. 1970) har vore journalist og programleiar i NRK og TV2. I dag arbeider ho med kommunikasjon for næringslivet og driv sitt eige selskap, der ho skriv tekstar og lagar filmar og podkast.