Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Gjendiktingar ebok
288,-
Breitt utval tekstar frå sentral gjendiktar.
Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid, og har fått fleire prisar.
«Gjendiktingar» inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og plater. Nokre tekstar til sentrale klassiske musikkverk er òg inkluderte. Robert Bur…
Ebok
288,-
Forlag
Samlaget
Utgitt
27 februar 2023
Lengde
461 sider
Sjanger
Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234006531
Breitt utval tekstar frå sentral gjendiktar.
Johannes Gjerdåker (1936-2020) er ein av dei viktigaste gjendiktarane våre. Han har gjort strålande arbeid med diktarar frå klassisk litteratur til vår eiga tid, og har fått fleire prisar.
«Gjendiktingar» inneheld høgdepunkta frå gjendiktingsarbeidet til Gjerdåker. Ved sida av hans eigne bøker er det teke med dikt og songar frå antologiar, aviser, tidsskrift og plater. Nokre tekstar til sentrale klassiske musikkverk er òg inkluderte. Robert Burns var ein sentral diktar for Gjerdåker. Elles femnde han svært vidt: Gjendiktingane hans strekkjer seg frå klassikarar på latin via islandsk visetradisjon, engelske og tyske romantiske diktarar og modernistiske dikt til kjende popsongar. Her er òg nokre av hans eigne dikt med, 23 meisterlege sonettar frå debutboka Skot på gamal stuv (1978). Det høver å minna om at ein god gjendiktar òg må vera ein god diktar.
«Gjendiktingar» er redigert av Per Olav Kaldestad. Håvard Rem har skrive etterord.