Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Kongen av Spitsbergen ebok
299,-
Einar Sverdrup (1895-1942) er ein av Norges ukjente heltar og samfunnsbyggjarar. Han var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen - og byen sjølv - vart livsverket hans. Ingen ting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.
Kongen av Spitsbergen er ei bok om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 var Einar Sverdrup rasande da britane tvangsevakuerte Longyearbyen: alle menneska i ein n…
Ebok
299,-
Undertittel
Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland
Forlag
Samlaget
Utgitt
19 november 2017
Lengde
286 sider
Sjanger
Biografier, Dokumentar og fakta
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252192513
Einar Sverdrup (1895-1942) er ein av Norges ukjente heltar og samfunnsbyggjarar. Han var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen - og byen sjølv - vart livsverket hans. Ingen ting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.
Kongen av Spitsbergen er ei bok om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 var Einar Sverdrup rasande da britane tvangsevakuerte Longyearbyen: alle menneska i ein norsk småby stappa om bord i krigsskip og sendt til Storbritannia, mens byen og gruvene vart herja og husdyra slakta for fote.
I mai 1942 leidde Sverdrup ein militær operasjon for å fri Spitsbergen frå Nazi-Tyskland. 14. mai 1942 omkom han og 13 medsoldatar, da ekspedisjonsskipet «Isbjørn» vart senka av tyske fly.
Kongen av Spitsbergen er den første boka om Einar Sverdrup.
Svein Sæter (f. 1960) er forfattar og frilansjournalist. Han har skrive 21 faglitterære bøker, mange av dei med historiske tema. Fleire av bøkene, mellom anna XU. I hemmeleg teneste 1940-1945, har hausta strålande kritikkar.