Terrorisme i norsk strafferett - ein analyse av straffelova kapittel 18 (ebok) av Erling Johannes Husabø
Legg til i ønskeliste

Terrorisme i norsk strafferett ebok

649,-
Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor ei lang rekkje reglar mot terrorhandlingar, terrorførebuing og deltaking i terrororganisasjonar og utanlandske væpna konfliktar. Boka inneheld ein grundig, systematisk gjennomg…
Ebok 649,-

Andre har også kjøpt

Undertittel ein analyse av straffelova kapittel 18
Forfattere Erling Johannes Husabø (forfatter)
Utgitt 30 juni 2019
Lengde 355 sider
Sjanger Fagbøker, Jus
Språk Nynorsk
Format pdf
DRM-beskyttelse LCP
ISBN 9788245032512
Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor ei lang rekkje reglar mot terrorhandlingar, terrorførebuing og deltaking i terrororganisasjonar og utanlandske væpna konfliktar. Boka inneheld ein grundig, systematisk gjennomgang av dette regelsettet. Mange av rettsspørsmåla som vert tekne opp, har ikkje vore drøfta før. Det er lagt vekt på å få fram samanhengen med dei internasjonale reglane på området. Den gryande rettspraksisen i terrorsaker vert drøfta nærare, og det vert trekt parallellar til lovgiving og rettspraksis i andre land. Målsetjinga er å bidra til større klarleik og rettstryggleik i handhevinga av terrorreglane. Forfattaren føretek også ei kritisk evaluering av reglane i lys av Grunnlova, menneskerettane og den strafferettslege tradisjonen. Spørsmålet som vert stilt, er korleis terrorreglane kan bli avgrensa og utforma slik at dei representerer eit vern av og ikkje ein trussel mot rettsstaten. Erling Johannes Husabø er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.