Nattbarnet (ebok) av Laura Djupvik
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Laura Djupvik (forfatter)

Nattbarnet ebok

329,-
Nattbarnet er ein litterær krim med mørke og poetiske undertonar. Forteljinga om familie, forteiing og ei fortid ein ikkje kan ta livet av er perfekt for ein mørk haustkveld.For fleire hundre år sidan vart Stegleholmen brukt som rettarstad, og hittil har folk flest late den vere i fred.Då eit byggeprosjekt ute på holmen grev opp gamle knoklar, blir faren til Helene meir forvirra enn han alt er. Han verkar redd og begynner å gå ut om natta. Helene reiser heim frå eit retningslaust liv i Oslo for…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Laura Djupvik (forfatter)
Forlag Cappelen Damm
Utgitt 17 august 2025
Lengde 364 sider
Sjanger Krim
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788202836047

Nattbarnet er ein litterær krim med mørke og poetiske undertonar. Forteljinga om familie, forteiing og ei fortid ein ikkje kan ta livet av er perfekt for ein mørk haustkveld.

For fleire hundre år sidan vart Stegleholmen brukt som rettarstad, og hittil har folk flest late den vere i fred.

Då eit byggeprosjekt ute på holmen grev opp gamle knoklar, blir faren til Helene meir forvirra enn han alt er. Han verkar redd og begynner å gå ut om natta. Helene reiser heim frå eit retningslaust liv i Oslo for å hjelpe han.

Somme trur at beinfunnet stammar frå dei dødsdømte som skal ha blitt avretta på holmen. Men kort tid etter at Helene kjem heim, blir ei kvinne funnen drepen der ute. Folk i bygda leitar etter svar, men kven kan ein stole på? Helene begynner å grave i saka. Snart finn ho seg sjølv midt i eit ope sår, med menneske rundt seg som kan gå langt for å forteie sanninga.

Samtidig drøymer den unge og naive Connie om eit betre liv, helst i det ærverdige Dokterhuset, under vengen til den godt vaksne Stella. Men er dette rette plassen for henne og barnet som veks i magen? Det viser seg snart at huset rommar løyndommar og ein historie som ikkje burde vekkast til live.

Og er beina på holmen så gamle som ein først trudde?