Litteraturens spørjekraft - tekstar i utval  (1968–2012) (ebok) av Atle Kittang
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Atle Kittang (forfatter)

Litteraturens spørjekraft ebok

349,-
Kva er litteraturens eigenart? Med tolmodig og skjerpa analyse demonstrerte Atle Kittang gjennom eit langt liv som forskar og offentleg debattant kor rikt og mangfaldig eit diktverk kan vere. Som ein representant for autonomiestetikken viste han fram dei litterære strukturane og fleirtydigheita, som aldri kan la seg gripe av éin enkelt lesing. Han formidla og utvikla lesemåtar som mellom anna var påverka av psykoanalyse, nykritikk, dekonstruksjon, hermeneutikk og politisk-estetisk filosofi. Sli…
Ebok 349,-

Andre har også kjøpt

Undertittel tekstar i utval (1968–2012)
Forfattere Atle Kittang (forfatter), Ingrid Nielsen (redaktør), Espen Stueland (redaktør), Sigurd Tenningen (redaktør)
Forlag Gyldendal
Utgitt 22 september 2024
Lengde 453 sider
Sjanger Kunst og kultur, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788205600119

Kva er litteraturens eigenart? Med tolmodig og skjerpa analyse demonstrerte Atle Kittang gjennom eit langt liv som forskar og offentleg debattant kor rikt og mangfaldig eit diktverk kan vere. Som ein representant for autonomiestetikken viste han fram dei litterære strukturane og fleirtydigheita, som aldri kan la seg gripe av éin enkelt lesing. Han formidla og utvikla lesemåtar som mellom anna var påverka av psykoanalyse, nykritikk, dekonstruksjon, hermeneutikk og politisk-estetisk filosofi. Slik kunne han vise at forskjellige teoretiske tilnærmingar har sine styrker og manglar, og at det trengst fleire inngangar til ein litterær tekst. Den grundige lesinga er avgjerande.

I 1974 blei Kittang den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg, og han leia an arbeidet med å gjere fagmiljøet i Bergen førande i norsk samanheng, eit miljø som tiltrekte seg kommande forfattarar som Jon Fosse, Gunhild Øyehaug og Karl Ove Knausgård. Han var også ein sentral stemme i den litterære offentlegheita, med ein stor produksjon av essay, artiklar, monografiar og kritikk.

I denne antologien har redaktørane Ingrid Nielsen, Espen Stueland og Sigurd Tenningen samla eit utval av artiklane til Kittang for å vise fram fortolkingskrafta og teoriformidlinga til nye og gamle lesarar. Boka kan lesast med stort utbytte av studentar, professorar og andre interesserte lesarar – kort sagt alle som deler nysgjerrigheita på korfor litteraturen stadig evnar å skake oss.