Bucolica - gjetarsongar (ebok) av Vergil
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Vergil (forfatter)

Bucolica - gjetarsongar (Kanon : antikkens litteratur på norsk) ebok

199,-
Vergils debutverk for første gong på norsk Vergil vann ein plass i verdslitteraturen med debutverket sitt, Gjetarsongar (ca. 41 f.Kr.). I ei tid da dei romerske poetane hadde ord på seg for å vere novi, «nye», og kravet om originalitet sett opp mot dei tradisjonstunge førebileta i den greske litteraturen var ufråvikeleg, slo Vergil inn på ein dristig veg med det første verket sitt. Gjetarsongar høyrer til den pastorale poesien. Med sine skildringar av kulturlandskap og gjetarliv var ikkje dette…
Ebok 199,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Vergil (forfatter), Matti Garnes Wiik (oversetter)
Forlag Gyldendal
Utgitt 30 november 2016
Lengde 108 sider
Sjanger Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788205462953
Vergils debutverk for første gong på norsk Vergil vann ein plass i verdslitteraturen med debutverket sitt, Gjetarsongar (ca. 41 f.Kr.). I ei tid da dei romerske poetane hadde ord på seg for å vere novi, «nye», og kravet om originalitet sett opp mot dei tradisjonstunge førebileta i den greske litteraturen var ufråvikeleg, slo Vergil inn på ein dristig veg med det første verket sitt. Gjetarsongar høyrer til den pastorale poesien. Med sine skildringar av kulturlandskap og gjetarliv var ikkje dette ei litteraturform som sto høgt i kurs hos dei «nye» poetane i Roma. Men Vergils Gjetarsongar gjorde likevel den pastorale litteraturforma til ei nyskapande kraft i den romerske gullalderen. Gjennom dei ti utsøkte dikta i debutverket vever Vergil saman det greske og det romerske, det poetiske og det politiske, det gamle og det nye, det homoerotiske og det heteroseksuelle, det naturlege og det særs kunstferdige, til ein suksess som har halde seg gjennom meir enn to tusen år. Omsett frå latin av Matti Garnes Wiik. Bokmeldarane meiner: "At vi har med sofistikert dikting å gjere og ikkje ein gjetars amatørsong, kjem klårt fram i Matti Garnes Wiiks omsetjing av desse opningsversa i Vergils Bucolica - Gjetarsongar [...] Når vi les alle dei ti dikta på strak arm, kan vi så å seie bli så «ømt nagla fast i rytmar» at vi gløymer at innhaldet slett ikkje berre er idyllisk. Det er naturlegvis ikkje gjendiktarens problem. Han har lagt seg nær originalen på innhalds- så vel som uttrykksnivå, og gjendiktinga er i realiteten ikkje like «overlyriserande» som enkelte gjendiktingar eg har lese på andre språk. [...] Å få bøker som Bucolica - Gjetarsongar i norsk omsetjing i eit oppdatert språk gir nye perspektiv også på vår eigen skriftkultur, samstundes som vi blir konfronterte med noko som er framandt og annleis. [...] Alt luktar kvalitet!" Ole Karlsen, Dag og Tid