Drikkeviser frå Paris - dikt (ebok) av Anna Kleiva
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Anna Kleiva (forfatter)

Drikkeviser frå Paris ebok

199,-
"grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet vi gøymer oss i syrinbuskar, søppelposar vi er erteris og går i eitt med buskaset vi stel klisne pastisflasker frå under benkane ingen ser oss pile forbi der nede langs bakken" I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga "Drikkeviser frå Paris" er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkr…
Ebok 199,-
eller Les gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Undertittel dikt
Forfattere Anna Kleiva (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 22 april 2016
Lengde 73 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Lyrikk og dramatikk
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249516759
"grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet vi gøymer oss i syrinbuskar, søppelposar vi er erteris og går i eitt med buskaset vi stel klisne pastisflasker frå under benkane ingen ser oss pile forbi der nede langs bakken" I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga "Drikkeviser frå Paris" er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet. Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst. Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft - dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris. "Drikkeviser frå Paris" er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.