Flør - dikt (ebok) av Krista Lien Indrehus
Legg til i ønskeliste
Krista Lien Indrehus (forfatter)

Flør ebok

329,-
Dikt om klima, tid og formødre Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt. Dikta skildrar redsla mange kjenner på i ei verd på vippepunktet, med tanke på både klima, økologi o…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Undertittel dikt
Forfattere Krista Lien Indrehus (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 15 februar 2021
Lengde 60 sider
Sjanger Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234000850
Dikt om klima, tid og formødre Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget. Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt. Dikta skildrar redsla mange kjenner på i ei verd på vippepunktet, med tanke på både klima, økologi og dyreliv. Eg-et i samlinga kjenner ustanseleg på uro over forandringane som skal kome, og blir slik dratt inn i eit forsøk på å halde fast i tida og generasjonane som har vore før henne. bestemor lappa utslitne bukser til det ikkje var meir igjen skrapa alt smøret ut av boksen brukte den gamle mjølka i nye vaflar sa døden er naturleg men det er ei skam å døy ung Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. "Flør" er den første boka hennar.