Legg til i ønskeliste
Fragment (Kanon : antikkens litteratur på norsk) ebok
249,-
Den fyrste komplette gjendiktinga av Sapfos verk til norsk
Få diktarar - mannlege så vel som kvinnelege - kan måle seg med Sapfo (fødd kring 610 f.Kr.) når det gjeld påverknad på ettertida. I antikken fylte dikta etter Sapfo heile ni papyrusrullar, og ho var sitert og kommentert hjå ei rekkje av dåtidas lærde og poetar. Med tida gjekk store delar av verket hennar tapt. Dei få strofene vi framleis har, lèt oss like fullt ana klangen av ei særeigen og kraftfull, lyrisk stemme. Fragmenta etter …
Ebok
249,-
Forlag
Gyldendal
Utgitt
4 november 2021
Lengde
163 sider
Sjanger
Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788205549364
Den fyrste komplette gjendiktinga av Sapfos verk til norsk
Få diktarar - mannlege så vel som kvinnelege - kan måle seg med Sapfo (fødd kring 610 f.Kr.) når det gjeld påverknad på ettertida. I antikken fylte dikta etter Sapfo heile ni papyrusrullar, og ho var sitert og kommentert hjå ei rekkje av dåtidas lærde og poetar. Med tida gjekk store delar av verket hennar tapt. Dei få strofene vi framleis har, lèt oss like fullt ana klangen av ei særeigen og kraftfull, lyrisk stemme. Fragmenta etter Sapfo skildrar erotisk kjærleik, men også familiekjærleik, politikk, religion og moral. At Sapfo kom frå øya Lesbos og skildra kjærleik mellom kvinner, er bakgrunnen for ordet «lesbisk».
Per Esben Myren-Svelstad gjev oss her den fyrste komplette gjendiktinga av Sapfo til norsk, inkludert dei heilt nye papyrus-funna som vart publiserte i 2004 og 2014. Denne gjendiktinga har difor med fleire fragment som til no ikkje har funnest på norsk. Slik opnar gjendiktinga for at Sapfo skal kunna tala til nye generasjonar med sin meisterlege og manande poesi.
Bokmeldarane meiner:
«Myren-.Svelstads Sapfo-bok er så grundig og velordnet som en vitenskapelig utgave [...] Det betyr ikke at boken er uleselig for andre enn eksperter; tvert imot, den er pedagogisk anlagt og lett tilgjengelig. Den 17 sider lange innledningen er en av de beste introduksjonene til Sapfo jeg har lest på noe språk.»Amund Børdahl, Vårt Land