Legg til i ønskeliste
Merkur ebok
329,-
Rå dikt om det omskiftelege i eksistensen.
Merkur er guden for handel, marknad og rikdom i romersk mytologi. Han er også bodbringar mellom gudane og menneska si verd, ein trickster. I alkymien står planeten Merkur for kvikksølv, som representerer ånda, det kvinnelege og det flytande. Eit omskifteleg grunnstoff som kan danne amalgam og - meiner alkymistane - gull.
I ein vekselvis gåtefull og direkte stil krinsar det lyriske eg-et i den amerikanske poeten Ariana Reines si tredje diktsamling…
Ebok
329,-
Undertittel
dikt
Forlag
Samlaget
Utgitt
7 november 2019
Lengde
234 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Lyrikk og dramatikk
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252190366
Rå dikt om det omskiftelege i eksistensen.
Merkur er guden for handel, marknad og rikdom i romersk mytologi. Han er også bodbringar mellom gudane og menneska si verd, ein trickster. I alkymien står planeten Merkur for kvikksølv, som representerer ånda, det kvinnelege og det flytande. Eit omskifteleg grunnstoff som kan danne amalgam og - meiner alkymistane - gull.
I ein vekselvis gåtefull og direkte stil krinsar det lyriske eg-et i den amerikanske poeten Ariana Reines si tredje diktsamling rundt tema som skjønnheit, liding og det ustabile, og dekonstruerer dikotomien mellom det heilage og det verdslege. Med eit metaforregister henta frå alkymien blir religiøs og spirituell søking blanda saman med dragninga mot suksess og konsum under kapitalismen, i ei åndeleg drift etter å endre grunndelane i mennesket - å støype om frå bly til gull.
Gjendikta av Anna Kleiva.