Selmor (ebok) av Gerður Kristný
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Gerður Kristný (forfatter)

Selmor (Nord) ebok

329,-
Selmor er eit episk langdikt om å overleva i ei brutal røynd – andlet til andlet med naturen, men òg side om side. Med eit konsentrert språk forteljast historia om ei kvinne og hennar kamp for tilværa. I ein vêrhard utkant på 1800-talets Island knyt ho garn, dreg på selfangst, trassar den bitande vinteren, amputerer ein fot, saknar mannen sin, ventar på våren. Men det teiknast ikkje berre et bilete av ei kvinne og hennar tunge …
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Gerður Kristný (forfatter), Knut Ødegård (oversetter), Knut Ødegård (annet)
Forlag Cappelen Damm
Utgitt 8 september 2024
Lengde 102 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Lyrikk og dramatikk
Serie Nord
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788202823443

Selmor er eit episk langdikt om å overleva i ei brutal røynd – andlet til andlet med naturen, men òg side om side.

Med eit konsentrert språk forteljast historia om ei kvinne og hennar kamp for tilværa. I ein vêrhard utkant på 1800-talets Island knyt ho garn, dreg på selfangst, trassar den bitande vinteren, amputerer ein fot, saknar mannen sin, ventar på våren. Men det teiknast ikkje berre et bilete av ei kvinne og hennar tunge livsvilkår, gjennom desse motiva kjem òg ein menneskeleg styrke til syne, ein styrke målbar mot dei brutale naturkreftene ho lever i.

Gerður Kristný reknast som ei av dei fremste røystene i den islandske samtidslitteraturen. Ho har skrive innan dei fleste sjangrar, både for born og vaksne. For bøkene sine har ho blant anna motteke den islandske litteraturprisen, Alfred Andersson-Ryssts fond og blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris. Selmor vart utgjeven i 2022.

Knut Ødegård (f. 1945) står bak gjendiktinga. Han har gjeve ut eit førtitals bøker, dei fleste diktsamlingar, men òg skjønnlitterær prosa og faglitteratur. Han er òg aktiv som gjendiktar, særleg av islandsk litteratur. Diktbøkene hans er omsette til 42 språk, og han har fått ei rekke høgtståande prisar og utmerkingar frå inn- og utland.