Triks - dikt (ebok) av Anna Kleiva
Gratis utdrag
Anna Kleiva (forfatter)

Triks ebok

279,-
Medan du køyrer gjennom verda, ser du reklameskilt for tørken. Ekstrem tørke! reklamerer skiltet. Snart er vassmagasina tomme. Hugs å spare på vatnet. Hugs å vise deg fram for følgarane dine som om du er deira BFF. Eg veit du tenkjer på dette kvar kveld. Medan du drikk ein ny vin som liknar solnedgangen. Du drikk ikkje vatn, du sparar. Viss du snakkar slik som eg, kjem følgarane dine til å engasj…
Ebok 279,-

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel dikt
Forfattere Anna Kleiva (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 2025-08-22
Lengde 120 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Lyrikk og dramatikk
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249530670
Medan du køyrer gjennom verda, ser du reklameskilt for tørken. Ekstrem tørke! reklamerer skiltet. Snart er vassmagasina tomme. Hugs å spare på vatnet. Hugs å vise deg fram for følgarane dine som om du er deira BFF. Eg veit du tenkjer på dette kvar kveld. Medan du drikk ein ny vin som liknar solnedgangen. Du drikk ikkje vatn, du sparar. Viss du snakkar slik som eg, kjem følgarane dine til å engasjere seg meir. Du ser bra ut i sandfargar, du liknar ørkenen.

Fanga i ein straum av svar på spørsmål vi aldri har stilt og behov vi ikkje har: Korleis skal ein sjå på verda? I Triks blir det kapitalistiske språket vrengt. Stemmer vi kjenner frå reklamar og sosiale media, blir omskapte og løyser seg opp. Dikta i Triks sprett mellom det seriøse og det tåpelege, det påtrengande og det grublande, fakta og dikting. Det er ei bok som ristar i ideane våre om skjønnheit, helse og teknologisk utvikling og i draumen om ein eineståande skapning som frelser eller herskar.

Triks er eit satirisk poesiverk, ein svart komedie og ein samtids-scifi om klimaendringar, den erotiske krafta i pengar og den poetiske undergangen.