Legg til i ønskeliste
Ventemannen og tentakkeldyret ebok
149,-
Premium
Det er mange som er pårørande. Det er mange som er ramma. Det er så mange som lever midt i ei stor sorg. Omtanken for andre er ein så viktig del av liva deira at dei ofte set sine eigne på vent. Det er så mange ventemenn og -kvinner. Desse dikta forsøker å leite fram ord for dei tankane og kjenslene som held dei vakne, uroar dei når som helst, skiplar om på tilværet.
Det er lett å gløyme kjærleiken og samværet med andre når alvorleg sjukdom og kriser rammar. Desse dikta fortel òg om dagane m…
Ebok
149,-
Andre har også kjøpt
Forlag
Lyrikkforlaget
Utgitt
17 mars 2023
Lengde
76 sider
Sjanger
Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788283983265
Det er mange som er pårørande. Det er mange som er ramma. Det er så mange som lever midt i ei stor sorg. Omtanken for andre er ein så viktig del av liva deira at dei ofte set sine eigne på vent. Det er så mange ventemenn og -kvinner. Desse dikta forsøker å leite fram ord for dei tankane og kjenslene som held dei vakne, uroar dei når som helst, skiplar om på tilværet.
Det er lett å gløyme kjærleiken og samværet med andre når alvorleg sjukdom og kriser rammar. Desse dikta fortel òg om dagane med smilefjes på, om den vesle berøringa som inneheld så uendeleg mykje omtanke, om dei lyskjeldene som berre er glimt av det gode, men likevel held tilværet saman.
«Ventemannen og tentakkeldyret» er ei samling av ærlege, nakne og varme dikt om korleis det er å leva eit fullverdig liv med eller tett på kronisk sjukdom. Ei samling dikt om dei berørte. Ei samling dikt som berører.