Vere og døy - døy å vere - dødslære (ebok) av Kjartan Hatløy
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Kjartan Hatløy (forfatter)

Vere og døy - døy å vere ebok

199,-
«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?» Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på v…
Ebok 199,-

Andre har også kjøpt

Undertittel dødslære
Forfattere Kjartan Hatløy (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 16 september 2022
Lengde 119 sider
Sjanger Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249525850
«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?» Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge. Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere. «Vere og døy - døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.