For ope hjarte - noveller (ebok) av Anna Gavalda
Gratis utdrag
Anna Gavalda (forfatter)

For ope hjarte ebok

329,-
Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske. Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleia…
Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske. Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med - men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske? Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn - som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.
Ebok 329,-
Lydbok 379,-

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel noveller
Forfattere Anna Gavalda (forfatter), Tove Bakke (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 09.04.2019
Lengde 234 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Noveller
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252195774