Legg til i ønskeliste
Risp i berget ebok
329,-
Som hans førre, kritikarroste novellebok Sjabervik (2011), tar Ortens nye samling utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lar oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han menneskets uforanderlegheit gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, runeinnskrifter, bånsullar, kulokkar, balladar, preiker, graffiti og amerikabrev. Vi blir vitne til ei reise gjennom historia, og får oppleve ei rekkje ulike menneskeskj…
Ebok
329,-
Undertittel
noveller
Forlag
Samlaget
Utgitt
6 februar 2015
Lengde
173 sider
Sjanger
Noveller, Skjønnlitteratur
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252188417
Som hans førre, kritikarroste novellebok Sjabervik (2011), tar Ortens nye samling utgangspunkt i eit lite lokalsamfunn, der han lar oss møte rotlause skapningar frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Med innsikt og språkleg eleganse formidlar han menneskets uforanderlegheit gjennom tidene i ulike kortsjangrar som noveller, runeinnskrifter, bånsullar, kulokkar, balladar, preiker, graffiti og amerikabrev. Vi blir vitne til ei reise gjennom historia, og får oppleve ei rekkje ulike menneskeskjebner, frå det fyrste steinaldermennesket som kjem roande nordover med eit lite barn, den namnlause trælen som ventar på å bli løyst, den vakre tenestetausa Dagny, soldaten Erik og den bekymra faren hans og fram til den gravide tenåringsjenta som slit med å gjennomføre skulen, den prostituerte Maria og den femti år gamle firehundremeterløparen som ønskjer å vinne tilbake gamlekjærasten sin. Risp i berget er ein overbevisande kollasj av livsglimt, som spenner frå det dramatiske til det kvardagslege, frå det mørke til det humoristiske.