Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar ebok
299,-
Hardtslåande og mangslungen diktsekvens frå den prisvinnande poeten Terrance Hayes.
Som svart mann i dagens USA har Terrance Hayes inngåande kjennskap til det konstante trugsmålet om rasistisk vald. I denne diktsamlinga teiknar han det skjøre omrisset kring spørsmål om rase, kjønn og undertrykking med utgangspunkt i samtidas politiske situasjon. Han trekker også linjene bakover gjennom USAs rasistiske og valdelege historie, samtidig som han koplar på både den klassiske og den moderne littera…
Ebok
299,-
Forlag
Samlaget
Utgitt
15 august 2022
Lengde
82 sider
Sjanger
Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur, Politikk og samfunn, Dokumentar og fakta
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234006265
Hardtslåande og mangslungen diktsekvens frå den prisvinnande poeten Terrance Hayes.
Som svart mann i dagens USA har Terrance Hayes inngåande kjennskap til det konstante trugsmålet om rasistisk vald. I denne diktsamlinga teiknar han det skjøre omrisset kring spørsmål om rase, kjønn og undertrykking med utgangspunkt i samtidas politiske situasjon. Han trekker også linjene bakover gjennom USAs rasistiske og valdelege historie, samtidig som han koplar på både den klassiske og den moderne litteraturen.
Gjennom 70 sonettar vekslar Hayes mellom knallhard realisme og rørande visjonar, frå blodig alvor til underfundig humor. Innimellom set han fingeren på det vakre i det nesten banale, innimellom blir dikta meir introspektive og krinsar kring forholdet mellom far og son.
Gjendikta frå amerikansk ved Ida Hove Solberg og Sofia Knudsen Estifanos.