Ei forteljing om det ufortalde - bror min Kjetil og helsetenestas definisjonsmakt (ebok) av Kari H. Eika
Legg til i ønskeliste
Kari H. Eika (forfatter)

Ei forteljing om det ufortalde ebok

309,-
Ei forteljing om det ufortalde er ein forsøksvis biografi om ein høgt elska bror, som frå han var fem år voks opp på institusjon. Det er også ei forteljing om det samfunnet og dei helseprofesjonane som meinte at dette var «det beste» for ein liten gut med Downs syndrom. Denne faglege tilrådinga tok frå han moglegheiter andre barn fekk, og skapte eit liv i motstand.Forfattaren leitar etter Kjetil Eika si stemme i det som finst av arkivert journalmateriale, i forteljingar ho elles har høyrt og i …
Ebok 309,-

Andre har også kjøpt

Undertittel bror min Kjetil og helsetenestas definisjonsmakt
Forfattere Kari H. Eika (forfatter)
Utgitt 25 november 2025
Lengde 471 sider
Sjanger Politikk og samfunn, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788215071466
Ei forteljing om det ufortalde er ein forsøksvis biografi om ein høgt elska bror, som frå han var fem år voks opp på institusjon. Det er også ei forteljing om det samfunnet og dei helseprofesjonane som meinte at dette var «det beste» for ein liten gut med Downs syndrom. Denne faglege tilrådinga tok frå han moglegheiter andre barn fekk, og skapte eit liv i motstand.

Forfattaren leitar etter Kjetil Eika si stemme i det som finst av arkivert journalmateriale, i forteljingar ho elles har høyrt og i eigne personlege minne. Kva møtte Eika som femåring og seinare? Og korleis opplevde han det sjølv?

Boka er eit oppgjer med eit menneskesyn vi som samfunn burde ha forlate for lengst, men som framleis er med oss på lite synlege, men høgst verksamme måtar. Det er også eit oppgjer med eit kunnskapssyn som framleis gjennomsyrar faglege praksisar og lovverk, og som det er på høg tid å revidere.

Boka er særleg aktuell for studentar og alle som arbeider i helse- og sosialtenestene eller med desse tenestene i politikk, forvaltning eller forsking.