Grammatikk og grammatikkdidaktikk (ebok) av Mari Nygård
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Mari Nygård (forfatter)

Grammatikk og grammatikkdidaktikk ebok

339,-
Grammatikarar er språkmekanikarar, og arbeid med grammatikk handlar om å forsøke å finne ut korleis språkmaskineriet fungerer, kva komponentar det har, og korleis dei verkar saman. Barn tileignar seg grammatikken i morsmålet sitt heilt knirkefritt. Vi vil spørje korleis ein kan vekke interesse for innsikt i språkstruktur, og korleis ein kan leggje opp til undring og utforsking av sitt eige morsmål, slik at grammatikkundervisninga blir spennande. Kunnskap om norsk språkstruktur og omgrepsappa…
Ebok 339,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Mari Nygård (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 3 januar 2022
Lengde 175 sider
Sjanger Fagbøker, Språk og litteratur, Pedagogikk, Samfunnsvitenskap
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234003103
Grammatikarar er språkmekanikarar, og arbeid med grammatikk handlar om å forsøke å finne ut korleis språkmaskineriet fungerer, kva komponentar det har, og korleis dei verkar saman. Barn tileignar seg grammatikken i morsmålet sitt heilt knirkefritt. Vi vil spørje korleis ein kan vekke interesse for innsikt i språkstruktur, og korleis ein kan leggje opp til undring og utforsking av sitt eige morsmål, slik at grammatikkundervisninga blir spennande. Kunnskap om norsk språkstruktur og omgrepsapparat omkring dette er grunnleggjande for mange område innanfor norskfaget, mellom anna lese- og skriveopplæring, norsk som andrespråk, talemål og nynorskdidaktikk. Denne boka inneheld både grammatikk og grammatikkdidaktikk. Det mest sentrale vil vere å gi ei grunnleggjande innføring i faget grammatikk. Her vil vi leggje vekt på innlæring av grammatisk terminologi og analysemåtar. I tillegg vil vi gjennom heile boka diskutere korleis ein kan nærme seg dette emnet saman med elevar, og også kvifor dette er eit viktig emne, både i seg sjølv og som byggestein for andre emne i norskfaget.