Legg til i ønskeliste
Mopeddagbøkene ebok
219,-
Eit nytt Vietnam veks fram. Så seint som på 1980-talet var landet svært fattig, krigsherja og isolert. Sidan har landet hatt ei veldig økonomisk utvikling, blitt verdsmeister i fattigdomsreduksjon og blitt heim til ei raskt veksande middelklasse.Levestandarden har betra seg dramatisk. Ein har betre helse og får betre utdanning. Mange kan gå ut og ete, og ein har tilgang til alt det forbrukssamfunnet tilbyr av gleder og sorger. Vietnam har til dømes gått frå å vere eit land av syklar til å huse …
Ebok
219,-
Undertittel
utviklingssuksess og kvardagsliv i det ny Vietnam
Forlag
Fonna forlag
Utgitt
11 oktober 2025
Lengde
139 sider
Sjanger
Dokumentar og fakta, Politikk og samfunn, Hobby og fritid, Reise
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Ingen
ISBN
9788251304153
Eit nytt Vietnam veks fram. Så seint som på 1980-talet var landet svært fattig, krigsherja og isolert. Sidan har landet hatt ei veldig økonomisk utvikling, blitt verdsmeister i fattigdomsreduksjon og blitt heim til ei raskt veksande middelklasse.
Levestandarden har betra seg dramatisk. Ein har betre helse og får betre utdanning. Mange kan gå ut og ete, og ein har tilgang til alt det forbrukssamfunnet tilbyr av gleder og sorger. Vietnam har til dømes gått frå å vere eit land av syklar til å huse nesten åtti millionar mopedar, fordelt på omkring hundre millionar innbyggjarar.
Ved hjelp av ei særeigen blanding av sosialisme og marknadsøkonomi har Vietnam blitt ein av verdas største utviklingsuksessar. Samtidig trugar nye former for ulikskap den sosialistiske draumen, politiske rettar blir innskrenka, og ei rekkje miljøproblem fører til nye utfordringar. MOPEDDAGBØKENE tek føre seg både framsida og baksida av Vietnams utviklingsmedalje, og boka gir eit unikt innblikk i eit land alle burde vite meir om.
Arve Hansen er seniorforskar ved Senter for global bærekraft ved Universitetet i Oslo, der han leiar forskinga på berekraftig forbruk og energi. Mykje av Hansens forsking handlar om utvikling, berekraft, forbruksmønstra til dei nye middelklassene i Vietnam og om korleis kvardagslivet endrar seg med store samfunnsomstillingar. Han har ved fleire høve budd lange periodar i landet.