Grasboka - historia om vekstane som gjev mennesket plass i naturen (ebok) av Siri Helle
Gratis utdrag
Siri Helle

Grasboka ebok

299,-
Kor mykje gras finst det eigentleg i verda? Svaret er: utruleg mykje. Ville grasmarker dekker ein tredel av jordas landoverflate, og dei tamde grasartane gjev oss nesten halvparten av maten vi et – frå kveite, havre og ris til mais, sukker og øl. Gras gjev oss mjølk, kjøt, skinn og torvtak, det held oss mette, varme og tørre, bind karbon, bygger biologisk mangfald og limer saman dei komplekse øko…
Kor mykje gras finst det eigentleg i verda? Svaret er: utruleg mykje. Ville grasmarker dekker ein tredel av jordas landoverflate, og dei tamde grasartane gjev oss nesten halvparten av maten vi et – frå kveite, havre og ris til mais, sukker og øl. Gras gjev oss mjølk, kjøt, skinn og torvtak, det held oss mette, varme og tørre, bind karbon, bygger biologisk mangfald og limer saman dei komplekse økosystema vi lever i.Men graset er under press. Klimaendringar, jordbruk og folketalsvekst trugar dei ville grasslettene, som berre finst att i ein femdel av sitt tidlegare omfang. Å ta vare på graset er å ta vare på livsgrunnlaget vårt.Gras er òg ein del av forteljinga om oss sjølve. Alle ber vi på lukter, lyder og kjensler som vekkjer minnet om gras, frå grønske på kneet til lukta av tørrhøy, fotballbaner eller endelause grassletter. Utan gras, ingen menneske.Grasboka er ei reise inn i denne stille, men livsviktige historia: om korleis graset formar planeten vår, korleis menneske lever med det og kvifor vi aldri kan klare oss utan kvarandre. Å lytte til graset kan vere vegen vidare for samspelet mellom menneska og naturen.
Ebok 299,-

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel historia om vekstane som gjev mennesket plass i naturen
Forfattere Siri Helle (forfatter)
Utgitt 12.03.2026
Lengde 206 sider
Sjanger Religion, historie og filosofi, Historie, Dokumentar og fakta, Natur og dyr
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788282658638

Kor mykje gras finst det eigentleg i verda? Svaret er: utruleg mykje. Ville grasmarker dekker ein tredel av jordas landoverflate, og dei tamde grasartane gjev oss nesten halvparten av maten vi et – frå kveite, havre og ris til mais, sukker og øl. Gras gjev oss mjølk, kjøt, skinn og torvtak, det held oss mette, varme og tørre, bind karbon, bygger biologisk mangfald og limer saman dei komplekse økosystema vi lever i.
Men graset er under press. Klimaendringar, jordbruk og folketalsvekst trugar dei ville grasslettene, som berre finst att i ein femdel av sitt tidlegare omfang. Å ta vare på graset er å ta vare på livsgrunnlaget vårt.
Gras er òg ein del av forteljinga om oss sjølve. Alle ber vi på lukter, lyder og kjensler som vekkjer minnet om gras, frå grønske på kneet til lukta av tørrhøy, fotballbaner eller endelause grassletter. Utan gras, ingen menneske.
Grasboka er ei reise inn i denne stille, men livsviktige historia: om korleis graset formar planeten vår, korleis menneske lever med det og kvifor vi aldri kan klare oss utan kvarandre. Å lytte til graset kan vere vegen vidare for samspelet mellom menneska og naturen.


Ingen vurderinger ennå