Late dagar, ville netter (ebok) av Eve Babitz
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Eve Babitz (forfatter)

Late dagar, ville netter (Oversette mesterverk) ebok

249,-
TERNINGKAST 6 - Stein Roll, Adresseavisen. Eve Babitz si bok Late dagar, ville netter kom ut første gongen i 1977. Her møter vi ei kvinne med gnistrande livsappetitt og fortreffeleg observasjonsevne. Gjennom ti kapittel følgjer vi dragnaden hennar mot reiser, rus, californiske solnedgangar og ei mengde ulike folk. Vi treffer forfattarar, druedyrkarar, basketballspelarar og sosietetsfolk, filmstjerner som er fortvila over eigen suksess og italienske femmes fatales meir fatale enn Babitz sjølv. …
Ebok 249,- Lydbok 350,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Eve Babitz (forfatter), Anna Kleiva (oversetter)
Forlag Cappelen Damm
Utgitt 28 april 2022
Lengde 189 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788202723682
TERNINGKAST 6 - Stein Roll, Adresseavisen.

Eve Babitz si bok Late dagar, ville netter kom ut første gongen i 1977. Her møter vi ei kvinne med gnistrande livsappetitt og fortreffeleg observasjonsevne. Gjennom ti kapittel følgjer vi dragnaden hennar mot reiser, rus, californiske solnedgangar og ei mengde ulike folk. Vi treffer forfattarar, druedyrkarar, basketballspelarar og sosietetsfolk, filmstjerner som er fortvila over eigen suksess og italienske femmes fatales meir fatale enn Babitz sjølv.

Ingen av Eve Babitz (f. 1943) sine bøker frå 1970- og 1980-talet slo gjennom då dei kom ut. Dei havna i skuggen av imaget hennar som it-jente, og temaa ho skreiv om – Los Angeles, skjønnheit, sex – blei avfeia som overflatiske. På 2010-talet har ho derimot blitt feira for den sanselege og viltre stilen sin. Late dagar, ville netter er ein moderne klassikar i grenselandet mellom fakta og fiksjon – ei feiring av byen Los Angeles og av overskridande liv.