Og mor - roman (ebok) av Erlend Garatun Huus
Legg til i ønskeliste
Erlend Garatun Huus (forfatter)

Og mor ebok

200,-
Premium
«Mor går til og frå kjøkenet og stova. Ho rører i grauten og set kålrabien på kok, og ho set seg på krakken og ser ut vindauga og opp mot den store Rossnos-nuten. Ho sit på krakken som besten laga og besto sauma trekk med gamalt mønster til, den same krakken mor har sete på mange gonger før, og alltid med kikerten i hendene for å sjå bort under høgaste nuten, til andre sida av dalen der alt går føre seg.»Etter ei fatal hending lovar ein gut seg sjølv at han skal gjera det han kan for at mora al…
Ebok 200,-
eller Les gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Erlend Garatun Huus (forfatter)
Forlag Kapabel
Utgitt 26 mars 2025
Lengde 100 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788281633315
«Mor går til og frå kjøkenet og stova. Ho rører i grauten og set kålrabien på kok, og ho set seg på krakken og ser ut vindauga og opp mot den store Rossnos-nuten. Ho sit på krakken som besten laga og besto sauma trekk med gamalt mønster til, den same krakken mor har sete på mange gonger før, og alltid med kikerten i hendene for å sjå bort under høgaste nuten, til andre sida av dalen der alt går føre seg.»

Etter ei fatal hending lovar ein gut seg sjølv at han skal gjera det han kan for at mora aldri skal ha sut for han. Ho har då hatt nok å stri med, som ho seier. Lovnaden fører guten inn eit vaksentilvære som litt om litt tek motet frå han.

Erlend Garatun Huus (f.1967 i Odda) har skrive bøkene Sjå, Ingebjørg – før i tida! (2009), Rock og røyk – Rockesoge frå ein industristad (2011), Ukjende vestlendingar (2014) og Stør og sjampansjebrus – Bygdebok for Bjølledalen (2020) Garatun Huus fekk Odda mållag sin Målpris i 2012. Og mor er hans andre roman.