Legg til i ønskeliste
Trekkje seg attende, snøstrimestilt (Sauebonden og dei tre kjærleikane #4) ebok
249,-
Premium
Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre?
Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode…
Ebok
249,-
Forlag
Måken forlag
Utgitt
4 mars 2024
Lengde
68 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Nummer i serie
4
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788294055036
Kven er vi, når vi legg alle korta på bordet for oss sjølve og gjer opp rekneskap? Kan vi finna ro i møte med den vi har blitt, og forteljinga om liva våre?
Trekkje seg attende, snøstrimestilt er den fjerde boka i den kritikarroste krinsen om sauebonden og dei tre kjærleikane: Gud, sauene og mannen. Her møter vi ein forfattar som går seg sjølv nærare etter i saumane enn tidlegare. Boka er eit reflekterande oppgjer med trongen vår til å halde fast ved det gamle og vonde, i brytning med det gode. Kva vel vi å hugse, og korleis konstruerer vi vår eiga historie? Dette er ei lyrisk samling prosatekstar, fortalt med stor kraft og sakrale overtonar.
Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han er pensjonist og bonde, har heile yrkeslivet arbeidd som byråkrat, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med Finna kyrkjedøra i meg (2018), og har sidan gjeve ut bøkene Å bera nakne nyklar (2019) og Og prosjekta skal bleikne (2020). Familie: mannen Øystein og sauene Øyfrid, Velaug, Henriette, Kirsten, Gunda, Årolilja, Engel, Tordis, Lindborg, Bodhild og Sindrella Pauline.