Samskriving i skolen ebok
310,-
Samskriving kan fremme sosiale eigenskapar, faglege og skriftlege ferdigheiter. Men korleis fungerer samskriving eigentleg i skolen? Kva må læraren tenke på for at samskriving ansikt-til-ansikt eller i digitale miljø skal fungere godt? Korleis kan elevar bruke kvarandre eller praterobotar som læringsfremmande støtte for eiga skriving? Frå lærarstøtte og gruppearbeid til tekstproduksjon med språkm…
Samskriving kan fremme sosiale eigenskapar, faglege og skriftlege ferdigheiter. Men korleis fungerer samskriving eigentleg i skolen? Kva må læraren tenke på for at samskriving ansikt-til-ansikt eller i digitale miljø skal fungere godt? Korleis kan elevar bruke kvarandre eller praterobotar som læringsfremmande støtte for eiga skriving? Frå lærarstøtte og gruppearbeid til tekstproduksjon med språkmodellar: gode måtar å samskrive på ser ut til å vere viktigare no enn nokon gong før. I denne innføringsboka blir dei mest brukte framgangsmåtane, effektane og problema ved samskriving gjennomgått og kritisk diskutert. Boka går i djupna på teoriar om samarbeid og skriving, men gir samtidig ei rekke praktiske eksempel frå nyare skriveforsking i skolen. I tillegg inneheld boka 20 konkrete undervisningsmetodar for samskriving frå begynnaropplæringa og heilt fram til dei eldste elevane i skolen. Jon Olav Sørhaug er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Universitetet i Agder og forfattar. Han har spisskompetanse på digital teknologi og skriving. Sørhaug underviser lærarstudentar, vidareutdannar lærarar og forskar på bruk av generativ kunstig intelligens i skolen.
Ebok
310,-
Undertittel
med og utan kunstig intelligens
Forlag
Samlaget
Utgitt
01.01.2025
Lengde
125 sider
Sjanger
Fagbøker, Språk og litteratur, Pedagogikk, Samfunnsvitenskap, Data- og informasjonsteknologi
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
LCP
ISBN
9788234013973
Samskriving kan fremme sosiale eigenskapar, faglege og skriftlege ferdigheiter. Men korleis fungerer samskriving eigentleg i skolen? Kva må læraren tenke på for at samskriving ansikt-til-ansikt eller i digitale miljø skal fungere godt? Korleis kan elevar bruke kvarandre eller praterobotar som læringsfremmande støtte for eiga skriving? Frå lærarstøtte og gruppearbeid til tekstproduksjon med språkmodellar: gode måtar å samskrive på ser ut til å vere viktigare no enn nokon gong før. I denne innføringsboka blir dei mest brukte framgangsmåtane, effektane og problema ved samskriving gjennomgått og kritisk diskutert. Boka går i djupna på teoriar om samarbeid og skriving, men gir samtidig ei rekke praktiske eksempel frå nyare skriveforsking i skolen. I tillegg inneheld boka 20 konkrete undervisningsmetodar for samskriving frå begynnaropplæringa og heilt fram til dei eldste elevane i skolen. Jon Olav Sørhaug er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Universitetet i Agder og forfattar. Han har spisskompetanse på digital teknologi og skriving. Sørhaug underviser lærarstudentar, vidareutdannar lærarar og forskar på bruk av generativ kunstig intelligens i skolen.
Ingen anmeldelser ennå
