Språkplanlegging og språkpolitikk i skulen (ebok) av -
Legg til i ønskeliste
Leiv Inge Aa (redaktør), Eli Bjørhusdal (redaktør)

Språkplanlegging og språkpolitikk i skulen ebok

339,-
Elevar i Noreg har etter lova rett til skikkeleg opplæring i dei norske skriftspråka. Det inneber ikkje berre å skulle lese og skrive nynorsk og bokmål, men å lære om kvifor skriftspråka ser ut som dei gjer. Både utsjånaden til og opplæringa i dei to skriftspråka er resultat av det vi kallar språkplanlegging og språkpolitikk (SPP). Gjennom rettskrivingar, læreplanar, lovverk og annanspråkpolitikk er det lagt planar for oss som språkbrukarar – anten me er elevar, studentar, lærarar eller andre i…
Ebok 339,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Leiv Inge Aa (redaktør), Eli Bjørhusdal (redaktør)
Forlag Samlaget
Utgitt 7 juli 2025
Sjanger Fagbøker, Språk og litteratur, Pedagogikk, Samfunnsvitenskap
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse LCP
ISBN 9788234008337
Elevar i Noreg har etter lova rett til skikkeleg opplæring i dei norske skriftspråka. Det inneber ikkje berre å skulle lese og skrive nynorsk og bokmål, men å lære om kvifor skriftspråka ser ut som dei gjer. Både utsjånaden til og opplæringa i dei to skriftspråka er resultat av det vi kallar språkplanlegging og språkpolitikk (SPP). Gjennom rettskrivingar, læreplanar, lovverk og annan
språkpolitikk er det lagt planar for oss som språkbrukarar – anten me er elevar, studentar, lærarar eller andre innbyggjarar i Noreg.

Denne boka er fyrst og fremst tenkt som ei hjelp til lærarstudentar med norsk som undervisningsfag. Derfor handlar ho om planlegging av norsk språk, som primært vil seie dei to norske skriftspråka. Sjølv om norske talemål ikkje blir planlagde på same måten, er nettopp tilhøvet til talemåla særleg interessant i norsk skriftspråkplanlegging. Kunnskap om språkplanlegging og språkpolitikk trengst for å kunne undervise i norsk språk på ein fagleg føremålstenleg måte. Som norsklærar er du dessutan med på å planleggje språkbruken til elevane dine.

Leiv Inge Aa er professor i norskdidaktikk ved NTNU. Han arbeider med grammatikk, tale- og skriftvariasjon, språkpolitikk og -didaktikk.

Eli Bjørhusdal er professor i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Ho arbeider med språksosiologi, språkpolitikk og språkdidaktikk.