Utopia - ein kritikk av humanistiske illusjonar (ebok) av Ronny Rognhaugen
Gratis utdrag
Ronny Rognhaugen

Utopia ebok

259,-
Dette er ei debattbok med eit idéhistorisk perspektiv. Hovudtema er humanismen som statsberande ideologi, og kva det inneber i praksis. Humanismen føreset indirekte at mennesket er rasjonelt, lærer av feila sine og handlar til det beste for jordkloten. Sjølv om ein kan tvila på utsegna, vil me helst tru at von og god vilje løyser grunnproblemet på magisk vis. Dimed vert den humanistiske ideologie…
Dette er ei debattbok med eit idéhistorisk perspektiv. Hovudtema er humanismen som statsberande ideologi, og kva det inneber i praksis. Humanismen føreset indirekte at mennesket er rasjonelt, lærer av feila sine og handlar til det beste for jordkloten. Sjølv om ein kan tvila på utsegna, vil me helst tru at von og god vilje løyser grunnproblemet på magisk vis. Dimed vert den humanistiske ideologien religiøs i trua på overmennesket; eit sjølvkorrigerande vesen frigjort frå sitt biologiske opphav. Med utgangspunkt i filosofi, historie og sosialpsykologi, tek boka eit oppgjer med grunnlaget for humanismen, særleg naivismen og sinnelagsetikken. Målet er ei meir realistisk forståing av menneskenaturen, slik at ideal om demokrati og ytringsfridom kan stå imot truslar frå totalitære interesser.Målgruppe for boka er den samfunnsinteresserte ålmenta med eit tverrfagleg fokus; filosofi, historie, politikk, sosialpsykologi, teknologi og økonomi. Boka utfordrar illusjonane om mennesket og kritiserer den innarbeidde påstanden om at humanismen er eit absolutt gode. Såleis kan boka vera ei realitetsorientering for politikarar og den samfunnsengasjerte opinion. Og kanskje starten på eit konstruktivt ordskifte om dei eigentlege årsakene til konflikt, krig, miljøkrise og naturkrise.
Ebok 259,-

Andre har også kjøpt

Undertittel ein kritikk av humanistiske illusjonar
Forfattere Ronny Rognhaugen (forfatter)
Forlag Kolofon
Utgitt 23.03.2026
Lengde 272 sider
Sjanger
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788230030523

Dette er ei debattbok med eit idéhistorisk perspektiv. Hovudtema er humanismen som statsberande ideologi, og kva det inneber i praksis. Humanismen føreset indirekte at mennesket er rasjonelt, lærer av feila sine og handlar til det beste for jordkloten. Sjølv om ein kan tvila på utsegna, vil me helst tru at von og god vilje løyser grunnproblemet på magisk vis. Dimed vert den humanistiske ideologien religiøs i trua på overmennesket; eit sjølvkorrigerande vesen frigjort frå sitt biologiske opphav. Med utgangspunkt i filosofi, historie og sosialpsykologi, tek boka eit oppgjer med grunnlaget for humanismen, særleg naivismen og sinnelagsetikken. Målet er ei meir realistisk forståing av menneskenaturen, slik at ideal om demokrati og ytringsfridom kan stå imot truslar frå totalitære interesser.

Målgruppe for boka er den samfunnsinteresserte ålmenta med eit tverrfagleg fokus; filosofi, historie, politikk, sosialpsykologi, teknologi og økonomi. Boka utfordrar illusjonane om mennesket og kritiserer den innarbeidde påstanden om at humanismen er eit absolutt gode. Såleis kan boka vera ei realitetsorientering for politikarar og den samfunnsengasjerte opinion. Og kanskje starten på eit konstruktivt ordskifte om dei eigentlege årsakene til konflikt, krig, miljøkrise og naturkrise.
Ingen vurderinger ennå