Bror din på prærien (lydbok) av Edvard Hoem
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Hør gratis utdrag
Edvard Hoem (forfatter), Edvard Hoem (oppleser)

Bror din på prærien (Familien fra Rekneslia #2) lydbok

149,-
(2)
«Bror din på prærien» er ein slektsroman og westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som den lovpriste «Slåttekar i himmelen». Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, o…
149,-
159,- Veil. pris: 169,-Spar: 10,-
Forfattere Edvard Hoem (forfatter), Edvard Hoem (oppleser)
Forlag Lydbokforl.
Utgitt 12 november 2015
Lengde 11:57
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Serie Familien fra Rekneslia
Nummer i serie 2
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788242162618
«Bror din på prærien» er ein slektsroman og westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som den lovpriste «Slåttekar i himmelen». Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk, dei set snarare blikket rett på han. Da han kysser den dragande Jenny Mortenson, er det både med sterk lyst og frykt for å bli bunden. Han forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande omvending i Eilerts liv, som om han har vore på fel spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin, bryt han opp - på same måten som 50 000 andre nordmenn - og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Han tar land ved Hesteskoen i Donalda hausten 1905. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att i dette livet.