Eg er ein annan (lydbok) av Jon Fosse
Legg til i ønskeliste
Jon Fosse (forfatter), Anderz Eide (oppleser)

Eg er ein annan (Septologien) lydbok

262,- Veil. pris: 299,-Spar: 37,-
(1)
Andre bok i «Septologien» Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg f…
Lydbok 262,- Ebok 210,-
Forfattere Jon Fosse (forfatter), Anderz Eide (oppleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 21 oktober 2020
Lengde 8:00
Sjangrer Skjønnlitteratur, Romaner, Kunst og kultur, Fagbøker
Serie Septologien
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234004728

Andre har også kjøpt

Andre bok i «Septologien» Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar. I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for første gong, begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales. «Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Første boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. I år kjem den andre boka, Eg er ein annan. Den tredje og siste boka, Eit nytt namn, kjem ut i 2021.

5 ut av 6

«Fosse er frisk, Fosse er god [...] ...sprek, slik ein topproman skal vere»

6 ut av 6

«Enestående bra [...] Jon Fosse skriver litteratur som absolutt ingen andre»

5 ut av 6

"Syngende vakkert. Jon Fosse skaper et nettverk av tråder det er en nytelse å nøste opp i."

6 ut av 6

"Heile det uharmoniske livet til Asle er skrive fram i vidunderlig kunstnarleg symmetri, der t.d. dei tre delane begynner og sluttar med dei same orda og bønene, i repetisjonar og maningar"

5 ut av 6

«Noe av det lettest tilgjengelige Fosse har skrevet.»