Fuglen (lydbok) av Ronnie M.A.G. Larsen
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Hør gratis utdrag
Ronnie M.A.G. Larsen (forfatter), Helge Winther-Larsen (oppleser)

Fuglen lydbok

79,-
(0)
"Sigve sikta alltid på fuglen før skuledagen starta. Det var som om fjørkreet sat i dei store skuletrea og venta klokka ti over åtte, som for å terge. På skulevegen brukte Sigve å finne ein høveleg stein. Denne dagen hadde han ein skikkeleg fin ein i handa. Ein flat stein som hadde vore perfekt på vassflata, men den skulle ikkje druknast, berre fly inn i skallen på fuglen. Sigve kjende på den, snurra den litt i dei lubne fingrane. Heilt perfekt. No stod han ved dei store trea. Det hadde allerei…
Lydbok 79,-
eller Lytt gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Forfattere Ronnie M.A.G. Larsen (forfatter), Helge Winther-Larsen (oppleser)
Forlag Cappelen Damm
Utgitt 1 mai 2016
Lengde 0:16
Sjangrer Krim, Krim, Skjønnlitteratur, Noveller
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788202521820
"Sigve sikta alltid på fuglen før skuledagen starta. Det var som om fjørkreet sat i dei store skuletrea og venta klokka ti over åtte, som for å terge. På skulevegen brukte Sigve å finne ein høveleg stein. Denne dagen hadde han ein skikkeleg fin ein i handa. Ein flat stein som hadde vore perfekt på vassflata, men den skulle ikkje druknast, berre fly inn i skallen på fuglen. Sigve kjende på den, snurra den litt i dei lubne fingrane. Heilt perfekt. No stod han ved dei store trea. Det hadde allereie ringt inn. Det var gym og då heldt Sigve litt igjen. Han fekk ikkje auge på fuglen med ein gong. Gjekk nærmare, lista seg nesten. Fuglen gav lyd. Den sat høgare enn vanleg. Hadde vel fått nyss om steinen som var av ypparste sort. Sigve la ranselen og plastposen med gymshortsen og dei skeivtråkka joggeskoa frå seg, fann stillinga. Han gjekk litt nærmare stammen, fekk klar sikt. Han kjende det på seg. Det var no. Han pusta tungt ein gong, tok handa sakte bakover, og sende steinen loddrett i veg. Sigve høyrde at den trefte ei grein, så kom eit dunk og eit lite flaks frå vengene. Fuglen deiste i bakken. Den blødde frå eit kutt rett over det eine auget og låg livlaus, stirra på mordaren. Sigve samla saman pose og ransel, la på sprang. Gymnastikklæraren stod og kika utover skuleplassen og fekk auge på niandeklassingen som aldri hadde sprunge så fort før."