Kodemysteriet (lydbok) av Olla Rypdal
Legg til i ønskeliste
Olla Rypdal (forfatter), Olla Rypdal (oppleser)

Kodemysteriet (Anna #3) lydbok

149,-
(0)
«Anna kjende panikken som ei kald klo rundt kroppen. Ho klarte ikkje røre seg! Stega i trappa kom nærare, snart ville den framande vere oppe! Han måtte ikkje finne ho! Det var som om lyden av fotstega i trappa forsterka seg til gjallande kanondrønn i hovudet til Anna. Sekunda kjendest som år. Plutseleg slo ein tanke ned i hovudet hennar. Ein skarp, klar tanke - som eit oppklarande lyn. Ho stirde på den breie karmen under vindauget i karnappet. Akkurat då høyrde ho det plinga i telefonen i handa…
Lydbok 149,-
Forfattere Olla Rypdal (forfatter), Olla Rypdal (oppleser)
Forlag Olla forlag
Utgitt 16 februar 2021
Lengde 3:02
Sjangrer 9-12 år, Barnebøker, Spenning
Serie Anna
Nummer i serie 3
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788293798088

Andre har også kjøpt

«Anna kjende panikken som ei kald klo rundt kroppen. Ho klarte ikkje røre seg! Stega i trappa kom nærare, snart ville den framande vere oppe! Han måtte ikkje finne ho! Det var som om lyden av fotstega i trappa forsterka seg til gjallande kanondrønn i hovudet til Anna. Sekunda kjendest som år. Plutseleg slo ein tanke ned i hovudet hennar. Ein skarp, klar tanke - som eit oppklarande lyn. Ho stirde på den breie karmen under vindauget i karnappet. Akkurat då høyrde ho det plinga i telefonen i handa si. Den lyden måtte personen i trappa også ha høyrt! Fotstega i trappa blei raskare! Anna rakk ikkje sjå på meldinga, ho tok eit kjapt steg mot vindauget og tenkte at ho berre hadde ein einaste sjanse. Ho stappa kartet i bukselomma og greip hardt tak i kanten på karmen.» Anna er igjen midt oppi mystiske hendingar. I denne boka er ho saman med hunden sin, Kaspar, og dei to venene, Siri og Erik, i eit gammalt hus på Vargholmen, der det ligg eit kystfort frå krigens dagar. Annas familie har arva det gamle huset frå onkel Peter, som har budd i USA heile sidan han var ung. Peter hadde også eigd eit antikvariat i New York, og hadde heile livet sitt forska på hemmelege kodar som finst i gamle, støvete bøker frå fleire hundre år tilbake i tid. I huset på Vargholmen finn Anna eit brev som Peter har skrive til ho før han døydde. Dette brevet er starten på jakta etter eit godt gøymt dokument - ei bok som har ei heilt spesiell historie. Anna og venene kjem i kontakt med Rex, som har arva Peters antikvariat i New York. Saman prøver dei å løyse kodane og finne spora som fører dei nærare den mystiske boka. Men snart viser det seg at også andre, av gode grunnar, er ute etter den same boka. Desse personane skyr ingen middel for å få tak i ho. Det blir meir spenning enn dei kunne tenkt seg, då dei etter kvart kjem ut for farar og utfordringar - både dei som er på Vargholmen, og dei som er i New York.